Endeleg konkurranse igjen:)

7.september fekk eg endeleg konkurrera igjen:) Etter over 11 månedar utan å ha fått lov, og mulighet for å konkurrera så deltok eg i treningsløp nr.2 på Oslos Brattaste. Da var 37 som sprang løpet, og eg hadde bestemt meg på førehand å berre bruka detta løpet som ei god treningsøkt, for å prøva å få ein slags formtopp mot Stoltzen 25.september, og då hovedløpet Oslos Brattaste 2.oktober (helga etter). Løypa var lagt litt om pga arbeid i bunnen av Wyllerløypa, så me starta litt over 1km lenger nede, med Bogstadvatnet, og sprang då på sida av alpinbakken, opp til nesten toppen, då svinge me inn på siste 100m av alpinbakken, og fortsatte deretter den orginale løypa vidare til Tryvannstårnet.
Me var 4stk som kom i tet ganske kjapt, eg bestemte meg for å sjå ann dei andre løparane undervegs, og den farten dei holdt passa meg heilt fint. I dei verste motbakkepartia så viste da seg at eg takla da bedre enn dei andre 3, så eg følte meg sikker på at om eg holdt følge til den siste aller brattaste stigningen (ca.500m før mål), så ville eg vinna detta treningsløpet. Da gjorde eg, ein liten økning i da brattaste partiet, og da var takk og farvel til resten. Da var litt spesielt å koma ensom til mål, men eg elska følelsen. Fekk ei kjempefin treningsøkt ut av da, nye terrengsko i premie. Når hovedløpet 2.oktober går av stabelen, så blir motstanden heilt noko anna, og eg veit eg må heva meg mangen hakk, om eg skal ha forhåpning om ein topp 10 plassering. Det er eit lite delmål eg har. Da viktigaste for meg er å setta personleg rekord, og visa at eg kan springa bra mot dei beste:) Eg ser verkeleg fram til den dagen:):)

(Premien, Saucony Kilkenny terrengsko)

Dei neste dagane etter løpet, så har eg tatt da rolegt. Fortsatt så kjenne eg til skadane mine, men da går bedre. Og eg føle at eg kan få prøvd meg på desse løpa framover, både som trening og som motivasjon, og for å testa kor langt bak eg ligg dei beste, sånn som desverre min skadesituasjon har blitt dei siste to åra. Derfor var det godt å få løpt da treningsløpet, og vist at eg ivertfall ikkje har lagt på sofaen i desse 11 månedane sidan sist konkurranse, og at all den alternative treninga har hatt utruleg masse å seia for meg. Da vise at eg jobbe på, uansett kor masse motgang da har blitt. Eg kan ikkje fortella kor mangen timar eg har trent mutters åleina, time etter time med alternativ trening, og stått på, når da har vert som verst. Eg føle endeleg på kroppen, at eg eg får noko igjen for da...og da smake så forbanna dailigt!!!!!

Oki, så over til konkurranse nr.2, igår, 11.september. Eg hadde ikkje tenkt å springa detta løpet, men eg bestemte meg fredags kveld for å ta detta som ei ny treningsøkt, utan mål om nokon god plassering. Egentlig så bestemte eg meg faktisk lørdagen 100%, ca.3t før løpet at eg skulle springa da, då var den endelege beslutningen tatt. Grefsenkollen Opp, 4,5km langt, og med eit gj.snitt på 6% stigning. Ikkje ei løypa som passa meg, blir litt for flat, men eg veit at skal ein bli god i motbakke, så må ein bli god på denne type motbakkeløp også.
Var meget spent på koss eg kom til å takla detta løpet, leeeeenge sidan eg har løpt konkurranse på 4,5km, så var spent koss kroppen kom til å reagera (psyken er eg aldri redd for:)). Eg opna i eit greit tempo, og etter 6-700m så låg eg på 10.plass...."spiste" meg gradvis oppover i dei bratte partiena, og når det var 2,8km igjen, så låg eg på 2.plass, med berre 10sek opp til ledaren. Me var til slutt 3stk som jaga mannen i tet, men når det var 1,5km igjen, så rykte dei to som eg var sammen med, og eg kunne ikkje svara...så eg holdt tempoet oppe, og kom i mål på 4.plass, noko eg er kjempefornøyd med:):) Tida blei ikkje all verden, men eg blei dytta opp på "3.plass", etter at han som vant var ein junior, og fekk premie i U-20 klassen. Så takke alltid ja til premie og eintur på "podiet":):)
Skadane mine kjente eg lite til undervegs, og beina er overraskande bra idag...da smile eg over:):)
Men eg veit da er masse arbeid som skal til vidare, for at eg skal blir frisk, men eg er inne i ein oppløftande periode no, og eg prøve å nyta da mens eg kan:)


(Etter løpet, med gavekortet for "3.plass" (egentlig 4.plass), smilande og blid)

For øyeblikket ser eg framover til meir løping, meir enn i heile år tilsaman. Skal ned på NIMI (Norges Idrettsmedisinske Institutt) tirsdag for litt massasje og behandling på min vonde hamstrings, og blir muligens ein tur på OLT (Olympiatoppen) onsdag for ein sjekk av skader dar også. Håpa alltid på framgong, og vil jobba for at da skal bli da:):)
Eg vetj kor mangen gonga eg må seia da (eller skriva da), men eg skal kjempa for alt da er verdt for å bli frisk, visa at eg kan bli ein av dei aller beste! Eg nekta å gje opp...eg har nok ikkje talentet som mangen av dei beste løparane har, men eg har ein vilje, motivasjon og ein jaktande følelse av heile tida å kjempa for noko eg elske, og da vil eg alltid gjera:)

Til slutt eit fantastisk dikt av Jesse Owens, eit forbilde, på så mangen måtar!:)

STATE OF MIND

If you think you are beaten you are.
If you think that you dare not, you don`t.
If you`d like to win, but think you can`t,
It`s almost certain you won`t.
If you think that you`ll lose, you`ve lost.
For out in the world you`ll find,
success begins with a fellows will,
It`s all in the state of mind.

If you think you are outclassed, you are.
You`ve got to think high to rise.
You`ve got to be sure of yourself,
before you can ever win a prize.
Life`s battles don`t always go
to the stronger, or faster man,
but sooner or later, the man who wins,

Is the man who thinks he can.

-Jesse Owens-




EH








Én kommentar

vmmd

12.sep.2010 kl.18:20

Hørtes spennende ut :)!

Skriv en ny kommentar

erlinghisdal

erlinghisdal

27, Oslo

Elska å trena og konkurrera...springing (løping:P),då langdistanse og motbakkeløp!! Læra nye ting,ha da gøy heile tida:) Kjempe for kreftsaken! Livet er alt for kort, så ta vare på den du har:)

Kategorier

Arkiv

hits